Tysdag ettermiddag fekk politiet tips om ein bil som køyrde i Ørsta med to personar på taket. Politiet sendte ei patrulje til staden og fekk stoppa bilen. Bilføraren var ein ung mann på 18 år som erkjende forholdet.

- Vi fekk gode tips frå publikum i Ørsta, og denne hendinga er særs lite positiv. Den aktuelle føraren vert meldt og førarkortet er inndrege, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang som og oppmodar publikum om å halde fram med å orientere og varsle politiet.

Ingen vart skadd under bilturen.