Ja til torskeoppdrett her

Alida - til høgre for midten av biletet.  Foto: Google maps

Nyheiter

Møre og Romsdal fylikeskommune gir Sunnmøre Torsk AS løyve til å starte torskeoppdrett ved Alida i Volda, trass i at mange naboar på begge sider av Voldsfjorden har protestert kraftig mot dette.

Lys- og støyforureining har vore trekt fram – i tillegg til otte for uheldige konsekvensar for fiskeplassar i nærleiken. Fiskeplassar der det fram til no har blitt fiska etter brosme og lange.

Men Mattilsynet region Midt, Statsforvaltaren si miljøvernavdeling i Møre og Romsdal og Kystverket Midt-Norge har alle gitt løyve etter sine respektive lovverk.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har behandla søknaden etter forureiningslova og gitt utsleppsløyve på lokaliteten. Men stiller krav om at det i driftsfasen blir utført strandsone- og makroalge-utgreiingar, og at det blir utført miljøutgreiingar for hardbotn.

Det har tidlegare vore gitt løyve til oppdrettsanlegg for laks, aure og regnbogeaure ved Alida. Løyvet vart trekt tilbake i 2011 på grunn av at lokaliteten ikkje var i bruk.