Mange smitta via Nytt Livs Senter

Nyheiter

Ørsta kommune har måndag fått melding om tre nye smittetilfelle med covid-19.

-Ein har vore på reise i utlandet, og dei to andre er nærkontakter. Ein er fullvaksinert og to er uvaksinerte, skriv kommunen ei ei pressemelding.

Totalt har det kome melding om 12 smittetilfelle knytt til møta på Nytt Livs Senter i Ørsta 21. november og kommuneoverlegen ventar at talet vil auke.

-Ein del av desse bur i Ørsta og Volda, men det er også meldt om fleire smittetilfelle i kommunane rundt. Kommunen ber derfor om at alle som kan ha vore utsett for smitte er merksame på symptom og har låg terskel for å ta ein test, skriv Ørsta kommune i ei pressemelding måndag kveld.