Måndag: Fire nye koronasmitta i Volda – to var på Nytt Livs Senter

Koronatesting  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Volda kommune melder i ei pressemelding måndag ettermiddag om fire nye smittetilfelle med covid-19.

Ein har ukjend smitteveg, og har vore på Jugendfest i Ålesund i helga.

Ein er smitta i husstanden.

To er nærkontaktar, og har vore på Nytt Livs Senter i Ørsta søndag 21. november Ein var fullvaksinert, dei andre uvaksinert.

- Vi minner om at alle som har tatt ein positiv heimetest eller får symptom etter at ein har vore i nærkontakt med ein smitta må ta kontakt med koronatelefonen og ta ein PCR-test. Kommunen minner om at alle som har vore på Nytt Livs Senter søndag 21. november bør ta ein ny koronatest på teststasjonen dersom dei har eller får symptom. Har du vage symptom eller er i tvil om du har symptom, bør du også ta ein ny test, skriv kommunen i pressemeldinga.