Legemangel i Ørsta

Ørsta Helsesenter.  Foto: Ørsta kommune

Nyheiter

Ørsta Helsesenter har sidan påsketider hatt 2-3 legar i manko og denne situasjonen vil vare ut året. Det er velkjent nasjonalt at fastlegeordninga lenge har vore under stort press med generelt auka arbeidsbelastning. Det heile har toppa seg no med pandemi og uvanleg stor pågang med andre luftvegsinfeksjonar i tillegg.

Legane ved Ørsta Helsesenter har for tida svært krevande arbeidstilhøve med stor pågang på daglegevakt p.g.a. luftvegsinfeksjonar som kjem på toppen av alt det andre. Dei ber om forståelse for at dei har lite tid til å svare på telefonar og E-konsultasjonar som ikkje er øyeblikkelig hjelp.

Dei som har behov for vurdering ved luftvegssymptom vil primært bli vurdert av lege pr telefon som telefonkonsultasjon. Nokre av disse vil bli tatt inn til klinisk undersøkelse etter grundig vurdering av legen.