Brukte mobilen under køyring – må møte i retten

Illustrasjonsfoto.  Foto: Sunnmørsposten

Nyheiter

Ein mann i 30-åra må møte i Møre og Romsdal tingrett i Volda i januar. Ifølgje rettsdokumenta køyrde mannen bil i Kyrkjegata i Ørsta ein ettermiddag i juni i år. Han skal ha brukt mobiltelefon under bilkøyringa og fekk eit førelegg på 5.000 kroner.