Vær så god, gratis hurtigtest

Trine Hovde var ein av dei som henta henta koronatestar til familien onsdag. Camilla Follestad har fleire tusen å dele ut.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Kven seier nei til å få gratis noko som kostar fleire hundre kroner? Det får vise seg.

Onsdag byrja i alle fall utdelinga av gratis koronatestar ved teststasjonen i Hovdebygda.

– Det blir spennande å sjå kor mange som vil nytte seg av tilbodet, seier Johanne Ressem ved teststasjonen.

I pakkane, som det er fleire tusen av, ligg to testar og bruksrettleiing, med video.

– Vi vil at fleire skal teste seg når dei har symptom på luftvegsinfeksjon. No kan det gjerast heime, og det tek 15 minutt før svaret kjem, seier Ressem.

Camilla Follestad og Johanne Ressem ved teststasjonen i Hovdebygda.  Foto: Svein Aam

" Hurtigtestane er ein mindre følsam metode enn ein PCR-test, men dersom du tek testen i løpet av dei første to dagane etter at symptoma starta, kan du i større grad stole på resultatet. Kommunane deler difor ut hurtigtestane slik at befolkninga kan ha desse heime, og ta ein test sjølv raskt etter at symptoma har starta. Dette gjeld også ved milde symptom", skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

Og ein treng ikkje vere sjuk for å få utlevert gratis hurtigtest. Teststasjonen er open frå 12–16 måndag- fredag.