Reparerer DAB-sendar

- Vi gir oss ikkje før vi er ferdige

Arbeidet med å reparere den defekte DAB-sendaren på Helgehornet er i gang. Dårleg ver har skapt litt problem.

NRK sine radiosendingar når ikkje fram til deler av Ørsta og Volda. Måndag er problemet i ferd med å verte løyst. 

Nyheiter

- Vi har folk der no, og kjenner vi reparatørane rett, gir dei seg ikkje før sendaren er reparert, vert det opplyst til Møre-Nytt frå Telenor.

Møre-Nytt melde fredag at det var problem med DAB-sendarenpå Helgehornet. Det var NRK sine signal som vart råka. Då vart det fortalt til Møre-Nytt at nye delar var tinga, og at omformaren skulle reparerast måndag.



Arbeidet kom i gang måndag, men litt dårleg ver skapte forseinkingar. Delane måtte flygast opp med helikopter, og stundom var der for mykje vind.