«Kommunen skyt sporv med kanon!»

Stubbane etter granene og selja. Desse skal fjernast med stubbefres, krev kommunen.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Finn Ørstavik meiner det var ein merkeleg kommunal reaksjon å fakturere småbåtlaget for 27.000 kroner – etter at ein vel ivrig dugnadsgjeng i hamna kom i skade for å hogge ned eit par – tre kommunale tre.



«Dette er vel å skyte spurv med kanon! Ein skulle tru at om ein rydda opp etter inngrepa ville det rekke. Om ein dugnadsgjeng var i overkant ivrige til å rydde området så kan det vel orsakast. Og området med Hamnepark og Renseanlegg er offentleg så det er ikkje slik at ein har tatt seg til rette på annan manns grunn. Og som sagt det var mange som meinte at det var eit pluss for området at trea vart fellte!», skriv Ørstavik.