Ønskjer nedsett fartsgrense

- Eg er særleg bekymra for borna på skuleveg, enten dei tek bussen eller går til skulen

Øvregeila på øvre Mo.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

Helene Garnes har skrive brev til politikarane i Samfunnsutvalet fordi ho ønskjer at fartsgrensa i Øvregeila på øvre Mo bør setjast ned.

I dag er fartsgrensa i dette området 50 km/t. Garnes vil at fartsgrensa skal vere 30 km/t.

Helene Garnes peikar på fleire årsaker til at fartsgrensa bør vere lågare.

- Her er hus og vegar som er plassert både godt over og nedanfor vegplan. Dette, i tillegg til skråningar, steinmurar, høge tre, og sideveg med vikeplikt, gjer at vi er fleire som ønskjer at det var 30-sone i Øvregeila, skriv Garnes.

Ho peikar også på at der er kome fem nye bustadar sidan 2014.

- Og med fleire hus, og berre denne vegen å køyre, er her stor trafikk. Borna våre leikar i gatene, og mange nyttar området til å gå på tur. Vi må alle vere ekstra obs i det vi går ut på "hovudvegen" Øvregeila, omtrent uansett kvar vi kjem ut i frå. Om hausten og vinteren er dette særleg skummelt. Eg ser fram til eit snarleg svar frå kommunen, då det nærmar vinter og mørketid, skriv Garnes i brevet.