– Fryktar nasjonalpark kan gje store tap for grunneigarar

– Å gjere om ein stor del av Kolåshalvøya til nasjonalpark er ein dårleg ide. Berre her på Myklebustsetra kan det i verste fall føre til svært store framtidige tap for grunneigarane.

Per Reidar Myklebust med utsikt over Myklebustsetra - som kan bli del av nasjonalparken i Sunnmørsalpane.  Foto: Svein Nordal

Her er planar om sal av 70 hyttetomter. Om her vert nasjonalpark blir det tap av store framtidige inntekter

Nyheiter

Det seier Per Reidar Myklebust når vi møter han på hytta på Myklebustsetra på Standaleidet - eit område som er innlemma i forslaget til ny nasjonalpark.