Fleire vart smitta på Fugl Føniks forrige helg

Fugl Føniks.  Foto: Jonas Otneim Myklebust.

Nyheiter

Ørsta kommune opplyser at fleire vart smitta på Fugl Føniks forrige helg.

Kommunen oppmodar alle som besøkte serveringsstaden i perioden laurdag 24.07. til tysdag 27.07. om gå ut frå at dei har vore nærkontakt til ein smitta person og å teste seg.

Fugl Føniks skriv i ei melding på Facebook at den smitta tilsette var på jobb på Føniks 24.07. mellom kl 21:00 og 02:30.




Deltautbrota i Ørsta-Volda og andre stader:

Nakstad fryktar Noreg er i starten på ny smittebølgje


Også personar som var på Aktiv treningssenter i Ørsta måndag 26.07. og tysdag 27.07. kan ha vore nærkontakter og bør teste seg. Det same gjeld personar som var på Christian gård på Trandal tysdag 27.07. etter kl. 16.00.

På samlesida med lokale råd og reglar finn du informasjon om korleis forhalde seg dersom ein er nærkontakt. Der finn du også oversikt over stadar der ein bør vere særleg merksam på at det har vore smitta personar til stades.

Ørsta kommune skriv at dei forventar fleire registrerte smitta i løpet av laurdagen, men at ein førebels – litt før klokka 16.00 - ikkje har tala klare.