Arrangerer Sæbø Cup for lokale lag:

– Du kan trygt seie at alle gler seg til å spele igjen

Tom Andre Holen gler seg til å arrangere Sæbø cup den komande helga. 

Nyheiter

– Eg veit at folk lengtar etter å spele a-lagskampar igjen. Difor er det kjempeartig å få arrangere Sæbø Cup denne helga.

Det seier Tom Andre Holen, leiar i Sæbø IL. Han har invitert dei lokale laga i Ørsta og Volda til utslagsturnering. Dette blir den første lokale seniorturneringa sidan koronapandemien kom.

– Ingen av dei andre laga stussa på å bli med på turneringa. Eg trur mange er interesserte i ei oppkøyring til haustsesongen ved å treffe dei lokale lage. I tillegg er det kjekt for publikum.

Fryktar ikkje smitte

Sjølv om det har vore fleire koronatilfelle i Ørsta og Volda den siste veka, trur ikkje Holen at det vil sette ein stoppar for arrangementet.

– Om ikkje det kjem nye reguleringar innan fredag, eller ekstremt store utbrot, køyrer vi som normalt.

Det er på Sæbø stadion som blir grasmatta for dei lokale laga i Sæbø cup 

Arrangørane kjem til å sørgje for ulike smitteverntiltak, som å ha vakter som passar på at folk held avstand. Elles vil dei legge til rette for desinfisering ved å ha Antibac tilgjengeleg. Holen oppfordrar til alle som kjem:

– Folk må hugse å vise ansvar. Vi kjem til å passe på, men det hjelper mykje om andre gjer det dei skal med å halde avstand og å sprite henda.

Utslagsturnering

Laga som stiller til turneringa er vertane Sæbø, i tillegg til Hovdebygda og Ørsta som skal spele i gruppe ein. Volda, Åmdal og Vartdal er også gjestar, og vil spele i gruppe to.

Vinnarane av gruppespelet, i tillegg til toaren går vidare til semifinale. Dei som hamnar sist i gruppene sine vil spele mot kvarandre.

Dei som taper semifinalen, vil møtes i ein bronsefinale.

– Å møte lokale lag trur eg er ein ekstra motivasjon. Det er både nivå og divisjonsforskjell på laga. Så dette blir artig å sjå.