Bygdepride er nominert til Skamløsprisen

Bygdepride-paraden i 2019. No er dei nominert til pris.   Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Bygdepride er nominerte til Skamløsprisen i 2021.

– Bygdepride sett fokus på at folk er skeive over heile landet. Den fyrste lokale pridefestivalen på bygda skjedde i Volda/Ørsta. Dette skapte eit stort lokalt engasjement og bygdefolket fekk vist at deira sine bygder var opne og inkluderande, skriv Sex og samfunn om Bygdepride.

Utdelinga av prisen skjer i år den 3. september, dagen før Verdens seksuelle helsedag. Det er ein jury som skal velje ut tre av dei ti nominerte. Så skal publikum stemme på ein av dei tre fram til 1. august.

– Skamløsprisen sitt formål er å lyfte fram enkeltpersonar, organisasjonar eller grupper som har oppmuntra til mot og openheit om skambelagte området innanfor seksualitet, skriv Sex og samfunn på sine nettsider.

Dei nominerte til året sin Skamløspris er:

  • Dina Wikström, Runa Elvira Erlien, Viktor Waal Solberg og Joachim O. Hansen
  • Samtykkealliansen
  • Jan Thomas
  • Marianne Knudsen og Ida Hauge Dignes
  • Luca Dalen Espseth
  • Bygdepride
  • Astrid Renland
  • Sigrid Bonde Tusvik og Lisa Tønne
  • Organisasjonen Salam
  • Gerd Hilde Lunde

Juryen

  • Else Kåss Furuseth
  • Kathrine Aspaas
  • Morten Hegseth
  • Morten Skau
  • Guro Sibeko
  • Rauand Ismail
  • Maria Røsok
  • Ein representant frå Sex og samfunns Ungdomsgruppe