Skuleelevar har pussa opp

No ser den gamle Aviskiosken ut som då han vart bygt i 1928

Eit av Ørsta sentrum sine kjende kulturminne, Aviskiosken, har gjennom lenger tid vorte pussa opp av elevar på Ørsta vidaregåande skule.

Aviskiosk: Førsteårselevane på VG1 bygg- og anleggsteknikk har pussa opp Aviskiosken ved Alti.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Denne oppgåva passa oss godt, også fordi slike oppgåver er i tråd med den nye læreplanen

Kay Are Urkegjerde
Nyheiter

Og no framstår den gamle aviskiosken i originale fargar, brunt, grått og gult etter at dei fjorten førsteårselevane på VG1 bygg- og anleggsteknikk har jobba med å pusse opp det vesle bygget.