Kulturminister Abid Raja invitert til opninga av Tussaparken

Kulturminister Abid Raja.  Foto: Terje Pedersen/NTB Scanpix

Nyheiter

Dette går fram av ein søknad til departementet.


Millionar til Vikeparken, som blir Tussaparken

Til 17. mai 2021 skal Vikeparken framstå i ny skrud, med diger geoball, trampoliner, vassleikeområde, klatrestativ og mykje anna kjekt. Og parken får det nye namnet Tussa-parken.


Sjølve opninga av parken er no utsett til september. Men komande fredag, 18 juni, på dagtid, vert det ei markering i parken i samband med at han er teken i bruk. Då stiller brannvesenet opp ved grillen som er i parken og serverer pølser og brus. Brannvesenet sin maskot Bjørnis og den raude Jeepen vil også vere der, noko Ørsta kommune håper er særleg kjekt for born frå barnehagane som vert ønska spesielt velkomne.

Tussaparken, her fotografert eit par veker før folk fekk sleppe inn.  Foto: Arkiv Svein Nordal

- Alle som vil kan ta ein tur innom og sjå den flotte parken vi har fått i bygda, oppmodar kommunen.

Også ordføraren, Tussa, entreprenøren og fylkeskommunen skal ta del i markeringa, opplyser Ørsta kommune.