Heidra av handikapforbundet

Roar Løvik, Solfrid Nautvik og ordførar Sølvi Dimmen.  Foto: NHF Ørsta/Volda

Nyheiter

Roar Løvik og Solfrid Nautvik har fått tildelt «Norges Handikapforbunds hedersnål». Volda-ordføraren tildelte både heidersnål og diplom på NHF Ørsta/Volda sitt årsmøte på Volda turisthotell nyleg.

Dei to fekk heidersnåla for deira langvarige innsats for å fremje funksjonshemma sine interesser i samsvar med Norges Handikapforbund sitt prinsipp.