Miste lappen i Hornindal

Ein bilførar køyrde altfor fort i ein UP-kontroll i Hornindal.
Nyheiter

Utrykkingspolitiet melder om ein fartskontroll i Hornindal måndag ettermiddag. Det vart skrive ut fem forenkla førelegg. I tillegg var det ein bilførar som køyrde i 86 km/t i sekstisona. Han fekk førarkortet inndrege.