Diger steinblokk ramla ned i veg

Ras i vegen ved Berkvika  Foto: Joachim Kroken Åsebø

Nyheiter

Vegen mellom Mork og Berkneset er stengt etter eit ras måndag morgon. I vegbanen ligg mellom anna ei diger steinblokk, som må fjernast. Møre-Nytt sin reporter var på staden i 0800-tida, og melder at det er vegmannskap ved rassstaden, og at dei ventar på ein maskin som kan fjerne steinblokka.