Ørsta-firma leverer fortøyingsflåte til hamneoppsynet i Oslo

Fortøyingsflåte.  Foto: Marina Solutions.

Nyheiter

Ørsta-firmaet Marina Solutions AS skal levere ny fortøyingsflåte til Oslo Havn sine båtar på Sjursøya. Flåten skal brukast som plattform og ladestasjon for arbeidsbåtar, og skal leverast tredje kvartal 2021.

- Vi ser fram til å få ein trygg og effektiv stasjon for mannskapet på båtane, og for lading av arbeidsbåtane som går på straum, seier Rolf Mauritz Hanssen, prosjektleiar i Oslo Havn.

Arbeidsflåten er produsert i armert betong og bygd av Ulstein Betong Marine i tørrdokken til Ulstein Verft. Skroget er designa for å ha ei levetid på minimum 50 år.

- Flåten vert levert med miljøvenlege løysingar for oppvarming, i tillegg til å være tilrettelagt for å kunne lade elektriske fartøy. Både Oslo Havn og Marina Solutions har høgt fokus på grøne, innovative og funksjonelle løysingar, seier Torgeir Iversen, dagleg leiar i Marina Solutions AS.