Pressemelding:

«Godt å møtast til festspel igjen»

– Det har vore spennande å planleggje festival medan det framleis er pandemi, men vi er godt nøgde med gjennomføringa, seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik i ei pressemelding.

Uteamfiet: Ivar Aasen-stemnet har samla folk i tunet i over hundre år.   Foto: Dei Nynorske Festspela

Nyheiter

Festspela 2021 gjekk av stabelen frå torsdag til søndag, og publikum fekk høyre og sjå programpostar med både Hallstein Bronskimlet, bibelspråk, konspirasjonsteoriar, frisk popmusikk og eksperimentell tango.

– Det førebelse publikumstalet er 1880, og innanfor dei gjeldande rammene er vi godt nøgde med dei tala. Der var få ledige sete på dei fleste arrangementa, seier Opsvik.

Festspeldiktar Sigmund Løvåsen har formidla ei stor breidde av sin eigen forfattarskap gjennom sceneframføringar, samtalar og lesingar – mellom anna ei spenstig økt i friskt vêr i Romedalen.

Festspeldiktar Sigmund Løvåsen og diktar Anna Kleiva tok med seg publikum på diktvandring i Romedalen.  Foto: Dei Nynorske Festspela

– Det har vore ei stor ære og ein fest å vere festspeldiktar, og eg vil takke alle frivillige, tilsette ved Aasentunet, dei som kokte kaffi, dei som spritvaska stolar, eit interessert, lyttande og lesande publikum, dei som køyrde oss hit og dit, og dei som gav oss lyd og mat. Tusen takk, seier Løvåsen i pressemeldinga.

Festspeldiktar Sigmund Løvåsen og forfattar Siri Helle i samtale med Anders Totland om kroppsarbeid og jordbruk, med utgangspunkt i både dikting og sakprosa.  Foto: Dei Nynorske Festspela

På Studenthuset Rokken skapte Sunnmøre Baarelag og Synne Vo god stemning, og på Ørsta kulturhus vart det mellom anna teater og tingingsverk av festspeldiktaren.

– På grunn av restriksjonane har vi hatt endå meir samarbeid med desse scenene enn tidlegare år, og vi set stor pris på det vi har fått til saman, seier Opsvik.

Neste festival vert arrangert 9.–12. juni 2022, og Festspela kjem snart med meir informasjon om neste års festspeldiktar.