Kirsten Ose i talen i Ørsta

– Legg frå deg mobilen og lytt til borna

Årets 17. mai-talar i Ørsta trakk fram barn og unge.

talar: Kirsten Ose heldt årets 17. mai tale i Ørsta. Ho er kjend som revyartist,men jobbar som lærar. 

Nyheiter

Kirsten Ose er kjend som ei replikksterk dame, ikkje minst frå revyscena. Men i 17. mai-talen, som er tilgjengeleg i innspelt versjon på kommunen sine heimesider, tok ho opp alvorlege tema. Ose, som er lærar, trakk spesielt fram barn og unge, som veks opp i ei tid med store endringar på grunn av den teknologiske revolusjonen.