Krev full runde om parkavtalen med Tussa

Olav Opsvik (MdG) krev at Ørsta kommune handsamar avtalen med Tussa om Tussaparken i si fulle og heile breidde.

Tussaparken: MdG vil ha full runde med handsaming etter lovverket om Tussaparken. Anleggsarbeidet pågår for fullt. 

Nyheiter

Det gjer han i ein interpellasjon til kommunestyret, der han ber kommunestyret vedta å be administrasjonen å ta opp avtalen med Tussa Energi AS «til ordinær administrativ og politisk saksbehandling. Sak om namnet på parken ved Alti i Ørsta sentrum må kunngjerast og gå gjennom offentleg høyring før kommunestyret kan avgjere namnesaka.»

På førre kommunestyre var saka oppe i ein spørsmålsrunde. Då sa ordførar Stein Aam seg lei for at levekårsutvalet ikkje hadde fått handsame saka.

Opsvik meinte at det ikkje var noko svar på hans utgangspunkt, at avtalen med Tussa aldri har vore handsama, verken politisk eller administrativt.

I interpellasjonen tek Opsvik utgangspunkt i avtalen, og kva han handlar om. Det gjeld mellom anna namnet på parken ved Alti, altså Tussaparken, og at Tussa betalar 2,1 millionar kroner. Tussa får då bruke parken til å profilere Tussa i femten år.

– Kommunestyret i Ørsta har ikkje gitt ordføraren mynde til å inngå ein slik avtale med Tussa. Ordføraren har med andre ord handla utan naudsynt mynde. Ordføraren har ikkje økonomiske fullmakter, verken i Kommunelova eller i Ørsta kommune sitt interne reglement. Dette er ikkje ei ordinær gåve frå Tussa Energi, men ein avtale om å reklamere på kommunal eigedom, seier Opsvik.

Han viser vidare til Stadnamnlova, som gir kommunen mynde til å fastsetje namn og skrivemåte på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, kommunale anlegg o.l.

Han peikar på at Stadnamnlova krev at så snart ei namnesak er teken opp i vedtaksorganet, skal saka gjerast kjend for dei som har rett til å uttale seg.

–Det har ikkje blitt ført ein ordinær prosess om namnet på parken i Ørsta sentrum eller den økonomiske avtalen med Tussa. Namnesaka må kunngjerast og relevante partar må få gje innspel til namnet. Reklameavtalen med Tussa Energi må behandlast både administrativt og politisk, krev Opsvik.