Valdshendinga vart filma

- Nærast jagar fornærma bortover gata

Aktor Lena Katrin Romestrand la ned påstand om eitt år og seks månader i fengsel for tiltalte.   Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

I Møre og Romsdal tingrett i Volda vart det fredag lagt fram videobevis i saka etter valdshendinga frå 3. oktober i fjor. Ein av videoane viser tiltalte og fornærma åleine i Hamnegata. Fleire slag kom frå tiltalte medan fornærma bevegar seg bakover. Ein video viser og at fornærma ligg på bakken med to andre personar rundt han. Tiltalte står heilt stille eit par meter ifrå før han snur seg og går roleg vekk frå staden.