Koronarestriksjonar

– Kan vi spele to kampar same kveld?

Fotball: Kva restriksjonar gjeld for å gjennomføre fotballkampar internt i kommunen?  Foto: Joachim Åsebø/Illustrasjonsfoto

Nyheiter

For den aldersbestemte fotballen er no opna opp att for å spele kampar, men internt i kommunene. Ørsta kommune har fått spørsmål om eit lag kan spele kampar mot to ulike lag på same kveld.

– Vi ser ikkje at det vil vere særleg stor forskjell på å spele to kampar same kveld og å spele kamp to dagar på rad. Det viktige er at ein syter for å redusere tal nærkontaktar for dei involverte så godt som mogleg. Vi reknar med at fotballkrinsen har gjort ei vurdering kring dette når dei set opp kampprogrammet, heiter det i svaret frå Toril Romestrand Hjelle i Ørsta kommune.

Ein fotballkamp vil vere definert som eit arrangement covid-19-forskrifta paragraf 13.

– Dei krava som er stilt til gjennomføring av eit slikt arrangement må difor stettast. Desse krava finn de i forskrifta §§ 13a-13d. Dette handlar mellom anna om at der må vere ein ansvarleg arrangør, at det må førast oversikt over kven som er til stades og kor mange personar som kan ta del. Det vil vere ein fordel dersom der er så god tid imellom kampane at utskifting av publikum kan gå føre seg utan at gruppene blandast veldig, dersom kampane skal spelast på same arena. Det vil også vere lurt at ein ikkje blandar publikum frå dei to laga, men gir desse ulike soner, t.d. kvar si side av bana. Men dette har truleg arrangøren allereie tenkt på.

Frå kommunen si side vert det understreka at ingen stiller på kamp dersom dei har luftvegssymptom, feber/feberkjensle eller andre symptom som kan skuldast covid-19.

– Dette gjeld også ved lette symptom. Ein kan sjølvsagt heller ikkje spele kamp eller vere støttepersonell eller publikum dersom ein sit i karantene, ventekarantene eller isolasjon.