Her får dei nytt skjenkeløyve

Ved Hjørundfjorden:Urke Kaihus har eksistert som ein liten, men stor møtestad i fem år. Dei nye drivarane har no fått nytt skjenkeløyve. 

Nyheiter

Basecamp Hjørundfjord AS har søkt Ørsta kommune om nytt skjenkeløyve for Urke Kaihus. Selskapet har inngått ny avtale med kailaget på Urke om drift av Urke Kaihus.

– Urke Kaihus har hatt skjenkeløyve under andre drivarar i føregåande periodar. Søknaden medfører såleis ikkje ein auke i talet på skjenkestadar, sett i høve det som har vore vanleg dei siste åra. Talet på skjenkestadar har lege nokolunde stabilt. Ørsta kommune har ikkje avgrensingar i tal på løyve, heiter det i sakspapira til formannskapet.

Utan diskusjon gjekk formannskapet samrøystes inn for å gi nytt skjenkeløyve. Løyvet gjeld til 30. september 2024.


Desse skal drive Urke kaihus

Urke kaihus opnar igjen i løpet av mai/juni. Det er det nyskipa selskapet Basecamp Hjørundfjord AS som skal stå for drifta.