Bøndene krev over 2 milliardar i jordbruksoppgjeret

Bondeorganisasjonane krev over 2 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret i år. Dei leverte kravet til staten tysdag formiddag.

Forhandlingsleiar frå staten Viil Søyland flankert av leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes t.v. og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Kjersti Hoff på pressekonferansen under kravoverleveringa som innleier jordbruksforhandlingane.   Foto: Gorm Kallestad / NTB

Nyheiter

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlags felles krav til staten i det 71. jordbruksoppgjeret er 2,114 milliardar kroner.

Organisasjonane krev midlar både til å sikre inntektene til bøndene, støtte til investeringar i landbruket og sikre velferdsgode for bøndene.

Meir presist er 772 millionar kroner kostnadsdekning, 717 millionar auka målprisar og budsjettoverføringar på 1,22 milliardar kroner.

Inntektsverknad av jordbruksfrådraget utgjer 145 millionar kroner i kravet. Det vil gi ein inntektsvekst på 48.700 kroner per årsverk. Kravet inneheld òg ein eigen pakke utanfor oppgjeret for investeringar for å lykkast med overgangen til lausdrift for storfe, på 450 millionar kroner.

I ei pressemelding kallar leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag det «ei skjebnetid for norske bønder og norsk matproduksjon,» og seier mange bønder står ved eit vegskilje.

– Kravet i år handlar om å redusere inntektsavstanden mellom bønder og andre grupper i det norske samfunnet, sa Bartnes på pressekonferansen der kravet vart overlevert.

Det er òg press mot bondeorganisasjonane nedanfrå. Aksjonen #bondeopprør21 har fått over 20.000 underskrifter, skriv Nationen.

Den krev mellom anna at forhandlingsresultatet blir sendt ut til uravstemming blant medlemmene til dei to bondeorganisasjonane, noko organisasjonane sjølv har avvist, skriv Klassekampen.

Staten kjem med tilbodet sitt til bøndene 4. mai, og forhandlingane går føre seg til 15. mai.