Tre nye koronasmitta i Ørsta

Koronatesting  Foto: Arkiv illustrasjon Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune melder seint tysdag kveld om tre nye korona-tilfelle. Kommunen skriv:

"Det er i kveld meldt om tre nye positive prøver av Covid-19 på personar busett i Ørsta. Desse har no fått informasjon og er sett i isolasjon.

To av desse var frå før i smittekarantene. Det er totalt sju nye nærkontakter som er sett i karantene."

Dermed er det i løpet av tysdagen meldt om fem nye smitta i utbrotet i Ørsta, og dermed er smittetalet i utbrotet oppe i 31.