NVE klar med ny flaumrettleiar

Storflaumen i Barstadvikelva i 2016. Flaumen øydela nær laksestamma.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

NVE har utarbeidd ein ny rettleiar for utgreiing av flaumfare i reguleringsplanar og byggjesaker. No skal rettleiaren ut på høyring.

Leirskred, flaum, ras, styrtregn og storm blir meir og meir vanleg her i landet.

Fram til no har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ikkje hatt ein ekstern rettleiar for utgreiing av flaumfare, men hatt ein intern rettleiar for flaumsonekartlegging og ein ekstern kravspesifikasjon for flaumsonekartlegging.

No er det meininga at den nye rettleiaren skal ta for seg begge delar og danne grunnlaget for ein felles bransjestandard i framtida.

Rettleiaren beskriv korleis flaumfare kan vurderast og greiast ut for å dokumentere om eit område eller ein tomt tilfredsstiller krava til tryggleik mot flaum i plan- og bygningslova.

Forslaget til ny rettleiar blir no sendt ut på høyring med frist til innspel sett til 14. mai.