Elfly kan vere i drift om få år

Elfly kan vere på plass for å overta dei korte strekningane i Nord-Noreg allereie på midten av 2020-talet, trur Widerøe.

Administrerande direktør i Widerøe, Stein Nilsen, trur dei kan ha nullutsleppsfly i drift innan midten av 2020-talet.   Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Nyheiter

– Men dei første flya kjem til å vere små, med 9 til 11 sete. Vi ser etter fly som er over 40 sete, og det trur vi kjem i ordinær drift rundt 2030, seier administrerande direktør i Widerøe, Stein Nilsen, til NRK.