Fire nye smitta - Bakk-Ola er råka

Ørsta kommune melder at det er fire nye smittetilfelle av covid-19 i Ørsta. Fleire på Bakk-Ola-marka er sett i karantene.

Bebuarar og tilsette ved Bakk-Ola-marka er sett i karantene.  Foto: Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

- Ørsta fekk seint i går kveld meldt eit nytt tilfelle av Covid-19. I dag fekk vi svar på tre nærkontakter som også testa positivt, heiter det i meldinga frå Ørsta kommune.

Ein av dei smitta er tilsett på Bakk-Ola-marka og ni bebuarar og 11 tilsette er sett i karantene.

- Bakk-Ola-marka er stengt for besøk og all aktivitet blir stansa inntil vi har fått meir oversikt over situasjonen. Vi ber om forståing for dette. Ein av dei smitta går på skule i Herøy og Herøy kommune tek seg av smittesporinga der. Smittesporing pågår og vi kjem tilbake med meir informasjon. Smittekjelda er foreløpig ukjend, heiter det frå kommunen.


Symptom?

"Har du symptom, minner vi om at du bør testast. Alle som skal testast MÅ ha avtale. Du kan bestille time til koronatest digitalt heile døgnet, eller på telefon måndag-fredag kl. 09.00 -14.00. Sjølve testinga foregår mellom kl. 09.00 -11.00.", heiter det frå kommunen.