Sender helsepersonell frå Volda til Oslo

Helse Møre og Romsdal har bestemt seg for å sende helsepersonell til Oslo for å hjelpe til i koronaarbeidet.

Sender helsepersonell: Øyvind Bakke, adm.dir. i Helse Møre og Romsdal, stadfestar at han tysdag fikk førespurnad om å hjelpe Ahus og OUS med helsepersonell frå HMR.   Foto: STAALE WATTØ, Sunnmørsposten

Nyheiter

– Vi har allereie bestemt å sende éin intensivsjukepleiar frå sjukehuset i Volda til Akershus universitetssjukehus (Ahus), som drar i morgon og blir borte i ti dagar. Så ser vi på sjukehusa i Molde og Kristiansund om vi kan sende nokre derfrå til Oslo universitetssjukehus (OUS), seier Øyvind Bakke, administrerande direktør i HMR, til Sunnmørsposten.