Ny analyse viser:

Ni av ti korona-smitta i fylket har mutert virus

Analyser viser at ni av ti smitta her i fylket er smitta med mutert koronavirus.  Foto: Illustrasjon arkiv Svein Nordal

Nyheiter

Med utbrot i Ålesund og andre stader har mikrobiologar analysert nær 7.000 koronaprøver sist veke. 90 prosent av dei nysmitta i Møre og Romsdal har no mutert variant, melder Romsdals Budstikke.



I Møre og Romsdal er situasjonen no som mange andre steder, at dei muterte virusa no nesten heilt har tatt over. Det opplyser overlege Einar Nilsen, avdelingsleiar for mikrobiologen i helseforetaket til RB.

Ålesund har for tida eit større utbrot, og smitte dukkar elles opp mange stader i fylket. I Ålesund er no 38 smitta i utbrotet, men ein ventar på testsvar frå fleire i karantene.

Toppsjef i helseforetaket, Øyvind Bakke, orienterte styret torsdag om smittesituasjonen. Per torsdag var fire innlagde på sjukehus. Det er Molde og Ålesund som tek imot koronapasientane i fylket.

Elles er det sidan i går meldt om to smittetilfelle i Giske og eitt i Hareid. Og Ålesund melder om tre nye smitta, den eine med ukjend smitteveg.