Nytt smittetilfelle i Volda

Koronatesting  Foto: Illustrasjon arkiv Svein Nordal

Nyheiter

Seint fredag kveld fekk Volda kommune melding om nytt smittetilfelle.

– Vedkomande har vore på treningssenter i Ålesund i same tidsrom som ein som testa positivt tidlegare denne veka. Vedkomande testa seg og heldt seg heime med ein gang han fekk beskjed om dette. Det er ingen nærkontaktar i Volda og Ørsta, heiter det i ei pressemelding frå kommunen.