Kommuneoverlegen

«Ser lovande ut, men vi har framleis ikkje kontroll»

Kommuneoverlege Marte Vaage Øie i teststasjonen saman med smittevernlege Johanne Ressem.   Foto: Arkiv: Svein Nordal

Nyheiter

Kommuneoverlege Marte Vaage Øie er forsiktig optimist med tanke på utbrota av mutert korona på Vartdal/Ørsta og i Volda. – Vi fekk tilbake svært mange testsvar seint søndag kveld, men ingen nye positive, fortel ho.





I førre veke vart det testa 1123 personar i Ørsta-Volda, dei aller fleste frå torsdag og ut veka. Tre personar i Ørsta kommune fekk påvist den britiske varianten av korona-viruset, og tre elevar ved Volda vidaregåande skule fekk også påvist mutert korona-virus.

Måndag føremiddag er det enno ikkje klart om Volda vgs-elevane er smitta av brasiliansk eller sør-afrikansk variant av korona.

Personar med symptom får ny test i dag

- Heile 5,24 prosent av befolkninga i Ørsta-Volda testa seg førre veke, så folk har tatt ansvar og vore flinke. Alle skal testast på nytt i løpet av onsdag, torsdag og fredag, så det er ikkje før komande helg vi vil vite kor mange som vart smitta her lokalt i denne omgang, seier Vaage Øie.

Men legg til at det er snakk om svært smittsame variantar av korona-viruset, så dermed fryktar ho at det blir fleire.

- Og då håper vi at det er folk som allereie er i karantene og er registrert som nærkontaktar, seier kommuneoverlegen.

Som fortel at ein på teststasjonen i Hovdebygda i løpet av måndagen skal teste på nytt personar som har fått symptom etter at dei testa negativt før helga.

- Så det er sjølvsagt for tidleg å konkludere, og vi kan enno ikkje seie at vi har kontroll på utbrota, understrekar Vaage Øie.

Framleis ukjend smittekjelde på Ørsta/Vartdal

Framleis er ikkje smittekjelda til utbrotet av britisk korona på Vartdal funnen.

- Men sidan vi i det utbrotet ikkje har registrert fleire smitta sidan torsdag, er det grunn til å vere forsiktig optimist. Det vi frykta, var at det hadde vore uoppdaga villsmitte ei tid på Vartdal. Men – at vi no ikkje har registrert fleire smitta på mange dagar, tyder på at det ikkje var tilfelle, seier Vaage Øie.

Smitte utanfrå i Volda

Når det gjeld utbrotet av det som anten er brasialiansk eller sør-afrikansk korona på musikklinja på Volda vgs, trur ein at ein har funne smittekjelda.

- Det er smitte som har kome til Volda frå ein annan kant av landet, seier Vaage Øie.

- Kvar i landet?

- Det vil eg ikkje kommentere.