Framleis ukjend smittekjelde - potensielt alvorleg situasjon

Smitekjelda til utbrotet ved Volda vgs. er framleis ukjend. Det pågår no intens smittesporing.

Teststasjonen i Hovdebygda.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Delar av kriseleiinga i Volda kommune har hatt møte i søndag føremiddag.

- Det er ikkje meldt om fleire positive prøvesvar men vi ventar svar på nærkontaktane i løpet av dagen. Husstandsmedlemane til nærkontaktane er i ventekarantene inntil svar på fyrste test er mottatt, heiter det i ei pressemelding frå Volda kommune..

Det tek noko tid før vi får svar på kva type mutant det er snakk om, men ut frå hurtigtest som er gjort i Molde er klarlagt at det anten er sørafrikansk eller brasiliansk mutasjon.

Kommuneoverlegen i Vanylven ber dei som tok bussen fra Lauvstad til Syvde kl 14.45 fredag den 12. mars om å teste seg.

Ukjend smittekjelde

- Vi har enno ikkje lykkast med å finne smittekjelda til dei to smittetilfella vi fekk meldt 12.03.21. Det betyr at vi har ein potensielt meir alvorleg situasjon med ukjend smitte, heiter det i pressemeldinga.

- Vi vil minne om at koronaviruset kan gi svært svake symptom, og at alle med nyoppståtte symptom må ha svært låg terskel for å teste seg. Dersom ein er smitta av koronavirus, vil ein kunne smitte vidare sjølv om ein kun har svake symptom, heiter det frå Volda kommune..

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

FHI oppdaterte anbefalingane sine for testing av barn førre veke. Tidlegare kunne ein gjerne sjå an barn med lette symptom i 48 timar før ein testa dei. No er anbefalinga at barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast, i samråd med føresette.

FHI anbefaler også at barn i barneskulealder og yngre no kun vert testa i fremre nase og hals, i staden for djup naseprøve, då dette er mindre ubehagelig for barnet. For ungdom og vaksne anbefaler ein framleis djup naseprøve, då dette er den mest følsame testen.

- Vi oppmodar alle innbyggjarar om å ha låg terskel for å teste seg. Vi har god kapasitet på teststasjonen i Hovdebygda. Om du er usikker på om du bør teste deg kan du ringe koronatelefonen 700 58 960.

Time til koronatest kan tingast på nett.