Røde Kors: Korona har ført til det største humanitære tilbakeslaget i Noreg sidan krigen

Aldri før har Røde Kors vorte kalla ut på fleire leiteaksjonar etter menneske som prøver å ta livet sitt.

Generalsekretær Bernt G. Apeland i Røde Kors er bekymra for dei langsiktige konsekvensane av koronapandemien.   Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Nyheiter

Eit år med koronasmitte, nedstenging og smitteverntiltak har medført store menneskelege konsekvensar. For mange har effektane av tiltaka vore verre enn sjølve viruset, oppsummerer Røde Kors.