Ein av dei første med korona

Kjell Arne Aurstad fortel om "jævlig sjukdomsforløp"

Kjell Arne Aurstad fortel om koronasjukdomen.  Foto: Arkivfoto:Roy-Arne Folkestad

Nyheiter

– Eg hadde eit jævlig sjukdomsforløp og åt maksimalt med paracet, seier Kjell Arne Aurstad.

Han var ein av dei første som fekk korona i Ørsta, for eitt år sidan. Han fortel om opplevingane til nernett.no, nettavisa til journaliststudentane i Volda.

Han var smitta under ein skitur til Austerrike. Også kona og andre i reisefølget vart smitta. Aurstad fortel at han hadde feber i tre veker, og både han og kona var sengeliggande i fleire veker.

– Vi miste energien og begge vart veldig slappe. Dette varte i lang tid, seier Aurstad.

Og han slit med etterverknader

– Eg har lite energi og er generelt ganske slapp. Eg har heller ikkje klart å trene meg opp igjen den dag i dag. Eg har framleis utslett på tunga og den svir når jeg et eller drikk, seier han.