Ville ikkje kaste vaksinar

Måtte gå på reservelista

Tidlegare denne veka måtte Volda kommune ty til reservelista for å unngå kaste koronavaksinar.

Vaksineringa mot Covid-19 er i gang.  Foto: Berit Roald

Nyheiter

Årsaka var at folk som var kalla inn til vaksinasjon, ikkje møtte.

Volda kommune følger det nasjonale vaksineprogrammet der det er gruppering for kven som skal ha vaksine og kva type vaksine dei ulike gruppene skal ha og i kva rekkefølge.

– Måndag 8. mars var det kalla inn 106 personar til vaksinering med AstraZeneca-vaksinen. Då innkallinga vart gjort var denne vaksinen godkjent for personar som er 64 år og yngre. Kvart vaksineglas var ikkje godkjent for meir enn 10 dosar, vert det opplyst på Volda kommune si heimeside.

Volda kommune hadde fått 10 glas. Vaksineteamet kalla inn 106 personar, det vil seie at det vart kalla inn 6 personar meir enn kommunen hadde fått vaksinedosar til.

Då vaksinedagen var ferdig stod kommunen likevel igjen med fire vaksinedosar.

–Vaksinekoordinatoren hadde eit vaksineteam som skulle avslutte dagen. Som kjent har det vore svært krevjande tider for helsepersonell, og mange har strekt seg langt for å utføre ekstra arbeidsoppgåver knytt til pandemien.

Det vart vurdert tre alternativ, å ringe personar som står oppført på reservelista, å kaste vaksinedosane eller å finne fire personar i rett aldersgruppe for denne vaksinen som kunne få sett vaksinen med ein gang, forklarar kommunen.

Vaksinar kan ikkje lagrast på nytt i kjøleskap etter at dei er tekne ut, og gjort klare for bruk.

– Det var tidlegare på dag plukka folk får reservelista då det var nokon som ikkje dukka opp. Av erfaring såg vi at det tok noko tid før desse personane rakk fram til vaksinelokalet. På grunn av tidsaspektet vart det bestemt å gje desse fire dosane til personar som oppheldt seg i nærleiken. Desse dosane vart gitt til personar som framleis var på arbeidsplassen sin på rådhuset i Volda, heiter det i utgreiinga frå kommunen.

Kommunen oppmodar om at alle som får tilbod om vaksine takkar ja dersom dei har høve til å ta vaksine.