Opnar ikkje kommunegrensene for idretten

Fotball: Med smitteutbrotet i Stad kommune og smittetilfelle i Volda kommune vert det førebels stopp for idrett på tvers av kommunegrensene. Det stadfestar ordførarane i Volda og Ørsta kommunar.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Tidlegare denne veka var det grønt lys for idrettsaktivitet utandørs for dei under 20 år på tvers av kommunegrensa mellom Volda og Ørsta. Det grøne lyset var med eit atterhald og no har situasjonen endra seg. Bakgrunnen er smitteutbrotet i Stad kommune og at det er påvist to smittetilfelle i Volda kommune.