Gir grønt lys til idretten i Volda og Ørsta med atterhald

– Vi bryt ikkje lova

Ordførarane i Volda og Ørsta er samde om at fotballspelarar under 20 år kan spele turneringar og treningskampar mot kvarandre utan å vere på kant med smitteverntiltaka.

Fotball: Idrettsarrangement for dei under 20 år kan gjennomførast på tvers av kommunegrensene. Atterhaldet er nye nasjonale retningsliner tysdag denne veka. Her frå kamp mellom Volda og Ørsta under Kiwi-cup. 

Nyheiter

Dei nasjonale retningslinene for smitteverntiltak gir nokre geografiske utslag. Medan fotballaga i store kommunar som Oslo, Trondheim og Ålesund har fått grønt lys til å spele treningskampar mot kvarandre, og gjennomføre turneringar, har ikkje lag på Søre Sunnmøre kunne gjere det same. Årsaka er at det i slutten av februar vart opna for idrettsarrangement som samla deltakarar frå same kommune. Lokalt kom det raskt reaksjonar på tiltaka. Ordførarane på Søre Sunnmøre samla seg og oppmoda kommuneoverlegane til å vurdere regionen som eit eige område. Legane sende saka vidare til Statsforvaltaren. Fredag kom svaret. Konklusjonen er at det er tillate å arrangere kampar og cupar utandørs på tvers av kommunar. Dette skal berre bli gjort om smittesituasjonen i kommunane/regionen tillèt det.