Fekk refs på politisk møte

- Ordføraren har ikkje mynde til å signere ein slik avtale, men har likevel gjort det

Olav Opsvik (MdG) meiner ordførar Stein Aam (Sp) har handla utan lovleg mynde. Det gjorde han då han skreiv under avtalen om Tussa si sponsing av det som skal heite Tussaparken.

Reagerer: Olav Opsvik i MdG meiner Ørsta-ordførar Stein Aam har skrive under avtalen om Tussaparken utan å ha mynde til det. 

Nyheiter

– Eg kan ikkje sjå at dette er ein lovleg avtale. Ordføraren har ikkje mynde til å signere ein slik avtale, men har likevel gjort det, sa Opsvik i samfunnsutvalet tysdag.