– Motstanden mot ekstra Oslo-vaksinar har gått ut på dato

– Ordføraroppropet mot skeivfordeling av vaksinar har gått ut på dato. Det som var sant eine dagen, viser seg å vere feil andre dagen.

Oslo-støtte: Ordførar Stein Aam støttar vaksinestrategien.Inntil vidare. 

Nyheiter

Det seier ordførar Stein Aam i Ørsta. Han vil ikkje henge seg på dei som no kritiserer regjeringa for moderat skeivfordeling av vaksinar. Følgjene av det er at nokre bydelar I Oslo aust og nokre kommunar med mange koronasmitta på Austlandet får ekstra vaksinar. 330 kommunar får då tre prosent færre vaksinar, mellom dei Ørsta og Volda.