Sterk mistanke om eit sjette mutantvirus-tilfelle i Ålesund

Koronatesting.  Foto: Illustrasjon arkiv

Nyheiter

Ålesund kommune fekk tysdag stadfesta at ein person har fått påvist smitte med koronavirus. Det er sterk mistanke om at det dreier seg om den britiske mutanten, opplyser kommuneoverlege Olav Mestad til Sunnmørsposten.



– Vedkomande har vore i karantene sidan fredag og utvikla symptom dagen etter. Vedkomande er nærkontakt til éin person som fekk påvist smitte fredag 26. februar og meldt same dag, opplyser Mestad.

I alt 15 nærkontaktar i Ålesund, Vestnes, Giske og Sula er i karantene. Nær familie er i ventekarantene mens ein ventar på testresultat hos nærkontaktar.

– Den smitta har ikkje vore på skule eller andre stader i det offentlege rom i forkant av symptomdebut. Smittevernlegane og smittesporingsteama i dei nemnde kommunane er varsla. Dei fleste vil bli testa i løpet av dagen, seier Mestad.

18. februar var første gong den britiske mutanten vart oppdaga i Ålesund. Fram til måndag var det totalt fem personar hadde fått påvist mutert virus i Ålesund, så dette kan bli sjette tilfellet.