Har bilar og klede, men når vert russefeiringa?

Russen ved Volda vidaregåande skule håper i det lengste det vert russefeiring rundt 17. mai.

Spent: Karoline Årseth Dimmen i russestyret er spent på korleis russefeiringa kan verte i år. 

Nyheiter

– Vi har utsett avgjerda om russefeiringa. Når vinterferien er over, skal vi i møte med skuleleiinga for å drøfte korleis russefeiringa kan verte, seier Karoline Årseth Dimmen.