Korona-tips før vinterferien

Ørsta og Volda kommunar har utarbeidd koronaråd for vinterferien.

Personar som kjem frå område med sterkt smittepress vert sterkt oppmoda om å korona-teste seg før dei kjem på vinterferie til Ørsta-Volda. Ikkje minst dei som kjem frå område med muterte virus.  Foto: Illustrasjonsfoto Svein Nordal

Nyheiter

Dei gode råda er mest stila mot tilreisande til Ørsta-Volda, og ein må jo kunne rekne med at ein del bortebuande studentar og andre slektningar tek turen til bygdene.

Første bod er at om ein kjem frå eit område med høgt smittetrykk – og særleg der det er påvist mutert virus – kan det vere lurt å ta ein koronatest når ein kjem hit til våre grender, som det heiter.

Vidare skriv kommunane:

«Dersom du ikkje har symptom kan du gjerne vente nokre dagar før du tek testen (utan at du treng å vere i karantene desse dagane), då det i gjennomsnitt tek 4 - 6 dagar frå ein er smitta til ein får symptom eller viruset kan påvisast. Dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom eller har vore i kontakt med nokon med påvist smitte, bør du sjølvsagt ta ein koronatest så snart som råd. Dersom du har tatt ein negativ test og seinare får symptom bør du ta ein ny test, då testen kun viser eit augeblinksbilete.

Ein er ikkje pålagt karantene dersom ein er tilreisande frå andre kommunar, men vi har følgande råd til deg som er tilreisande dei første 10 dagane etter at du har kome til Ørsta eller Volda kommune:

Ha få nærkontaktar og hald avstand til andre.

Ikkje oppsøk stader der det er vanskeleg å halde avstand.

Unngå besøk på sjukeheim, omsorgsbustad, eldre og folk i risikogruppene. Det vert gjort unntak ved alvorleg sjukdom og i livets sluttfase i samråd med institusjonen.

Så lenge ein kjenner seg frisk kan elevar gå på skulen, barn kan gå i barnehagen og ein kan gå på arbeid sjølv, med mindre arbeidsplassen har eigne retningslinjer etter innanlandsreiser.

Dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom, bør du ta ein koronatest så snart som råd, halde deg heime til du kjenner deg frisk og har fått svar på testen.