Smitteutbrotet i Sula og Ålesund – truleg ikkje mutert virus

Smittesporinga er i full gang etter utbrotet i Sula og Ålesund. Truleg dreier det seg ikkje om importsmitte eller mutert virus.  Foto: Illustrasjonsbilde

Nyheiter

I løpet av siste par dagane har fjorten personar i Sula og Ålesund fått påvist korona-smitte, og utbrotet starta ved ei fiskeforedlingsbedrift i Sula. Men det er truleg ikkje snakk om verken mutert virus eller importsmitte frå utlandet.

Dei fleste av dei tilsette på bedrifta bur i Noreg. Ein av dei tilsette kom frå utlandet i romjula, sat då i karantene og fekk negative prøvesvar, og hadde vore i jobb igjen ein månad då dette smitteutbrotet kom.

- Førebelse resultat av virusanalyse frå utbrotet tyder på at det ikkje dreier seg om ein mutert variant. Kommunen ventar på endelege analysesvar fra FHI, seier kommuneoverlege Aleksander Linge Sommerdalen til Sunnmørsposten.