60 testa på nytt i Hovdebygda i dag

Seks tilfelle av mutert korona påvist i Vestland fylke onsdag

Frå teststasjonen i Hovdebygda.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Haukeland universitetssjukehus har onsdag funne til saman seks prøver med mutert koronavirus, - to med den sørafrikanske og fire med den britiske varianten.

Det skriv Bergens Tidende.

Alle seks prøvene er frå Helse Bergen sitt område. Førebels har laboratoriet konsentrert seg om prøver der det er sterk mistanke om korona-mutasjonar, men frå slutten av veka vil samtlege positive prøver testast for mutasjonar.

Ved teststasjonen i Hovdebygda har seksti personar i karantene blitt testa for andre gong i løpet av onsdagen. Dei er nærkontaktar med nye smitte-tilfelle i Ørsta førre veke, og smitten kom frå Førde i Sunnfjord.

Sunnfjord kommune skriv at det I det lokale utbrotet no totalt er 43 påviste smitta. 42 av desse bur i Sunnfjord kommune.