No startar vaksinasjon av heimebuande personar over 85 år

Denne veka startar vaksinasjon av personar over 85 år på Ørsta kulturhus og Volda samfunnshus.

Vaksinasjonen av heimebuande over 85 startar no i Ørsta-Volda.  Foto: HEIKO JUNGE / NTB / NPK

Nyheiter

Gruppe 1-4 i prioriteringslista frå FHI, dvs. alle over 65 år og personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp, blir innkalla til vaksinasjon. Er du i ei av desse gruppene treng du ikkje bestille time sjølv. Vaksinasjon av heimebuande personar over 85 år startar denne veka, deretter går vi nedover i alder og etter kvart risikogrupper. Vaksineringa skjer på Ørsta kulturhus for innbyggjarar i Ørsta, Volda samfunnshus for innbyggjarar i Volda og frå veke 7 på Hornindal legekontor for dei med adresse i Hornindal, gitt at vi får forventa vaksinedoser.

Når det er din tur til å få tilbod om vaksine vil du få melding frå kommunen, sendt ut gjennom Helsenorge. Når du har fått melding om time må du logge inn på helsenorge.no for å akseptere tilbodet. Dersom du ikkje har moglegheit til å stadfeste tilbodet digitalt kan du ringe vaksinasjonstelefonen 700 58 965. Vi vil forsøke å ta kontakt med dei som ikkje stadfestar utdelt time, men oppmodar flest mogleg til å stadfeste timen sjølv.

Vaksinasjonstelefonen er kun for å flytte timar og praktiske spørsmål. Ved spørsmål om eigen helse og hjelp til vurdering om du skal/kan ta vaksine eller ikkje må du kontakte fastelgen din.

Vi vil gje beskjed når det er klart for at gruppe 5 og nedover, altså personar under 65 år, kan bestille time til vaksinasjon.

Viktig informasjon til deg som har fått vaksinetime:

· Dersom du har feber må du ringe 700 58 965 og gje beskjed om at du ikkje kan møte til oppsett tid.

· Du må kunne ta andre dose innan 3 veker.

· Må du flytte timen ringer du 700 58 965 (kvardagar kl. 12-16).

· Ha på deg klede som gjer det lett å nå overarmen der vaksinen skal bli sett.

· Ta med gyldig legitimasjon

· Du må vente 30 minutt i vaksinasjonslokalet etter at du har fått vaksine.

· Vaksinen er heilt gratis for alle.