Testa positivt- 60 i karantene

Frå teststasjonen i Hovdebygda.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ørsta kommune fekk onsdag kveld melding om eit positivt tilfelle av Covid-19, skriv kommunen i ei pressemelding.

Denne personen er nærkontakt med vedkomande som var på Ørsta skisenter søndag, og fekk påvist smitte i Sunnfjord kommune to dagar seinare, altså tysdag.


Skuleklasser, lærarar og skirennarar i karantene

Koronasmitta var på Ørsta skisenter søndag


Smitten skriv seg frå utbrotet i Sunnfjord og vedkomande har vore i karantene.

Som følgje av dette er 60 personar busett i Ørsta og Volda sett i karantene. Vi meiner at vi no har god oversikt over situasjonen, skriv kommunen.

- Vi ønskjer å presisere at den smitta og dei som er råka av dette utbrotet har fylgt alle smittevernråd og -reglar. Smittevernråda reduserer sjansen for å bli smitta, men det er framleis ei moglegheit for å bli smitta. Vi ber folk om å vise respekt og forståing, skriv kommunen i pressemeldinga.